Lærlingen startar som regel med yrkesfagleg opplæring i vidaregåande skule og held fram med læretid i bedrift.
Du som ynskjer læreplass i våre medlemsbedrifter
Har du gått studiespesialiserande eller eit anna yrkesfagleg utdanningsprogram? Spør oss om du likevel kan søke.
Me annonserer ledige læreplassar på heimesida vår og i enkelte lokalaviser. Annonsa gir informasjon om kor du skal registrere søknaden. Utlysing skjer vanlegvis i februar månad med søknadsfrist 1. mars. Du må og søke formidling via vigo.no.
Når du søker bør du bruke ei e-postadresse der namnet ditt er ein del av adressa. Ver tilgjengeleg på telefoen etter at du har søkt.
Medlemsbedriftene bestemmer kven dei vil ha til intervju. Me les alt i søknaden din med interesse. Fråveret ditt i skulen kan vera avgjerande for om det er du som får læreplass eller ikkje.
Læretida er ein del av den vidaregåande utdanninga di. Hos oss startar læretida normalt i august. Som lærling
Ved slutten av læretida skal du gjennomføre ein fagprøve. Prøven tek utgangspunkt i den opplæringa du har fått. Bestått fagprøve gir deg ein yrkeskompetanse med løn som fagarbeidar og rett til meir utdanning.
Praksiskandidatar er vaksne som etter visse krav har rett til fag- og sveineprøve utan læreforhold og skule.
Opplæringslova seier at praksisen skal vera allsidig og minst 25 prosent lengre enn fastsett læretid i faget – Attest frå arbeidsgjevar må dokumentere kor lenge du har jobba og at praksisen er relatert til læreplanen i faget – Praksisen skal godkjennast af fylkeskommunen før fagprøven – Realkompetansevurdering kan ikkje erstatte kravet til praksis
Forskrift til opplæringslova gir all nødvendig informasjon om vegen til fagprøve for praksiskandidatar
YSO betaler eksamensavgift og oppmelding til fagprøve for tilsette i medlemsbedriftene våre. Me hjelper med – vurdering av teori og praksis – oppmelding til teorieksamen – oppmelding til fagprøven
Fagprøven tek utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen for faget. Bestått fagprøve gir deg ein yrkeskompetanse med løn som fagarbeidar og rett til fagskoleutdanning.
Bestått fagprøve gir rett til meir utdanning. Den praktiske erfaringa frå arbeidslivet er eit godt grunnlag for teoriane i høgare utdanning. Ingeniørar med yrkesfagleg bakgrunn er attraktiv arbeidskraft.
Utdanning.no gir deg nødvendig informasjon om alle utdanningar og inntakskrav. Me gir deg eksempel på utdanningar som er relevante for tilsette i våre medlemsbedrifter.
Du finn ei relevant ingeniørutdanning innan dei fleste av våre fag, frå bachelor til og med doktorgrad. Vegen dit kan gå om studiekompetanse, forkurs eller andre alternativ:
Y-vegen er spesielt tilrettelagt for deg med yrkesfagleg utdanning og fagbrev.
Stordmodellen er eit tilbod om 2-årig fagskuleutdanning for tilsette i nokre av våre medlemsbedrifter. Under utdanninga jobbar dei i 66 % stilling med 80 % løn. Etter fagskolen er det tilbod om 2 år påbygg til ingeniør.
Ynskjer du praksisplass eller traineestilling relatert til utdanninga di? Kontakt medlemsbedriftene våre med førespurnad.