Lærling i Industrimalarfaget

Det ser fint ut med ting som er nymåla og blanke. Men for å oppnå eit profesjonelt resultat må ein beherska fleire ulike metodar og teknikkar. Forarbeid kan til dømes vera maskering, sandblåsing, og val av grunning. Så skal innstillingar av blandeapparat og lufttrykk for sprøyting gjerast før sjølve målearbeidet tek til. Dette er nokre av dei teknikkane du må kunne beherske som industrimålar. Du vil også lære deg rett bruk av verneutstyr, samt gode og sikre arbeidsrutinar.

No Comments

Sorry, the comment form is closed at this time.