Lærling i kokkefaget

Ein lærling i kokkefaget lagar kalde- og varme rettar, bakar og lagar dessertar, sausar, og middagar til kvardags eller flotte selskap. Lærling kan ein vera i kantiner, på restaurantar, på hotell eller i cateringselskap. Med eit fagbrev kan ein få jobb både innanlands og i utlandet.

I kokkefaget må ein evne å skape gode smakar, vera oppteken av estetikk og lika  å skape resultat i lag med andre og gjere gjesten glad og mett. Arbeider du i ei kantine er det stort sett jobb på dagtid, medan det i restaurantar og på hotell ofte er skiftordning.

No Comments

Sorry, the comment form is closed at this time.